3/11/2012

DEL 2: "Å VISE"

OPPGAVE B

b)
Vinden uler rundt meg, han riv og slit i jakka mi, nesten som om han prøver og dra meg ut i vatnet. Berget er blitt våt og glatt av skummet frå bølgjene som dansar vilt lenger ute. De treff berget så hardt at det sprutar fleire meter opp, det er like før dei kjem opp til føtene mine. Eg merkar etter ei stund at eg sitt med knyte nevar, negla bora langt inn i handflatene. Bølgjene slår hyppigare mot berget no, dei er nesten oppe i same takt som hjartet mitt. Eg kan kjenne at det jobbar hardt for å halde meg roleg, men det hjelp ikkje. Auga mine flakkar, klarar ikkje halde fast ved noko, konstant på jakt etter skyggar. Eg presser ryggen nærmare naustet og tekk beina opp under meg. Held rundt meg sjølv for å halde varmen, håpar mørket kan gøyme fleir enn ein.

c)
Forsiktig sett han frå seg pizzaen på bordet og går for å hente noko å drikke. Da han kjem tilbake, opnar han lokket, lukkar auga og nyt lukta som fyllar rommet. Han set tenna i eit saftig stykke og let smaken av ost og krydder fylle munnen. Botnen knasar i det han tyggar over, akkurat som han liker det. Han slikkar seg på leppane og tek eit nytt stykke, alt fot oppteken med maten til å leggje merke til pizzasmulane som triller utover hele sofaen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar