3/06/2012

Å forstørre augeblink

"Øyeblikk 1: Du sitter på bussen på veg heim fra skolen en ettermiddag. Du er trøtt etter en slitsom dag på skolen, og du ønsker at det skal være stille rundt deg. Men så kommer to eldre damer på, og setter seg på setene rett bak deg. De er av den meget pratsomme sorten."


Eg lenar meg mot busskuret, seks minuttar til no så kan eg edeleg få ro frå all trafikkstøyen og dei travle menneska som spring fort forbi meg. Namn og årstal dansar framleis i hovudet på meg. Støvkorna virvlar i lufta etter kvar buss som køyrar forbi, sollyset fangar dei og lufta glitrar. Skuldrene mine verkjar, eg kjenn sekken min grev seg lenger og lenger ned. Kjem ikkje bussen snart? Minuttane sneglar seg av garde, sekunda ertar meg, tenkjar eg, seks minuttar har aldrig vore så lenge. Endeleg ser eg bussen min, sjølvsagt må den stoppe for raut ljos, men han kjem i kvart fall. ”Hei,” eg smilar til bussjåføren og sett meg nesten bakarst, så langt unna dei andre passasjerarane som mogleg. Eg set sekken frå meg i nabosetet, tenkjar at viss nokon vil sitje der får dei berre be meg flytte han.

To heile minuttar får eg nyte stilleiken i fred før dei kjem. Dei sett seg rett framfor meg, breiar seg utover seta, trommar med nylakkerte neglar mot ruta. Ho eine tar opp ein gamal telefon og plaprar i veg. Eg synes synd i han som er på den andre enden, men mest synast eg synd i meg sjølv. Ho andre bryr seg ikkje om telefonen, ho føyrer en samtale like godt med seg sjølv som med ho ved sidan av. Kankskje legg ho ikkje en gong merke til at ho ikkje får noko svar eller kanskje ho rett og slett er vand med at ingen orkar henge med på sladderet hennar, ikkje vet eg. Eg klarar ikkje for alt eg maktar å stenge dei ute, orda deira trenger seg inn i tankane mine. Den meiningslause praten deira går meg på nervane.. Det er verkeleg ikkje nokon som bryr seg om du kva du kjøpte på butikken i går, har eg lyst til å sei til ho. Men eg gjer det ikkje, for det er vel eigentleg ikkje mi sak. Eg har vel irritert nokon på bussen før eg og, så eg bit dei i meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar