3/11/2012

DEL 4: "INNLEDNINGENS KUNST"

OPPGAVE D:

”For sale: Baby shoes, never worn.” Hemingway

1.
Det var ei kald novembernatt, snøen låg fin og kvit i vegkanten og mjukt ljos seiv ut frå vindauga i gata. Ho sat ved omnen og strikka på noko som ein så vidt fekk plass til en tomme nedi. Da han kom inn døra, la ho det frå seg på bordet og smilte mot han. Jakka blei hengt opp på knaggen og skoa stua inn mot veggen. Golvet knirka i det ho reiste seg. Han la handa forsiktig på magen hennar og nynna songen deira mot han eller ho som enno ikkje hadde kjent lukta av nystekt brød eller sett sola skinne.

2.
Dei sto utstilt i vindauget, like strålande rosa som da dei vart kjøpt fyrste gongen. Han sto der, som hypnotisert av skoa. Minna flomma ned i tankane hans som regnet slo mot brusteinane rundt han. Alt var grått, bortsett frå dei ørsmå skoa i vindauget. Han reiv laus blikket og tvang seg sjølv til å gå vidare. Lyden av skritt som aldrig hadde blitt gått klang i øyra hans.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar